Korona-pandemien, og særleg den ekstra smittsomme muterte britiske varianten stiller store krav til HMS-rutinane på byggjeplassane. Fair Play Bygg Oslo og omegn har tatt ein prat med HMS-ekspert Arne Bernhardsen og byggmester Harald Hansen om kva bedriftene bør gjera i denne situasjonen.
HMS-ekspert Arne Bernhardsen
– Dei bedriftene som har fungerande, sjølvstendige verneombod og godt samarbeid mellom HMS-leiar og verneombod er betre rusta til å unngå smittespreiing på byggjeplassen, men vil også oppnå langsiktige fordeler og kan kome styrka ut av denne situasjonen, seier Arne.
Meiner du det? Mange verneombod opplever at dei berre er eit namn på papiret, men ikkje får høve til å ta eigne initiativ.
– Godt HMS-arbeid er svært lønsamt, tenk på kva ein arbeidsskade kostar for bedriftene. I dag risikerer ein at eit smitteutbrot på ein byggjeplass kan stengje heile byggjeplassen ned i fleire veker og at mange må i isolasjon. Arbeidsgivaren har alltid hovedansvaret for HMS-arbeidet, men verneombodet skal følgje med på om det fungerer ute på byggjeplassen, og kan stanse arbeidet dersom ho/han meiner at det er fare for liv og helse.
Kan det vera aktuellt å stanse arbeidet dersom verneombodet meiner det er smitterisiko for covid 19 på byggjeplassen?
– Ja, i Arbeidsmiljølova § 6-3 står det at om «verneombudet mener at det foreligger umiddelbar fare for arbeidstakernes liv eller helse» kan ho/han stanse arbeidet. Denne stansingsretten brukast sjeldan, og skal ikkje misbrukast. Men derom verneombodet kjenner til at det er smittefare på arbeidsplassen, kan arbeidet stansast for å verne arbeidskameratane mot ein potensiellt dødeleg sjukdom.
Kva bør bedriftene gjera no?
– Bedriftene må gå igjennom sine rutinar og vurdere risikoen for smitte, så må dei gjennomføre tiltak for å redusere denne risikoen. For personar i riskogruppene har det større konsekvens å bli smitta. Desse må skjermast spesielt godt.
Kva kan skape risiko for smitte?
– Mykje kontakt med kundar eller andre bedrifter vil føre til større risiko. Ein bør ha minst mogleg kontakt med kundar, leverandørar og andre. Arbeider ein saman med pendlarar frå område med større smitte, kan ein skille ut desse i eigne «kohortar».
Hovudentreprenøen har høve til å stille krav til sine leverandører. Kva bør ein ta med i slike krav?
– Underentreprenørene må også ha gode rutinar. Det nyttar ikkje om hovedentreprenøren har verdas beste HMS system, om det kjem inn UE som sluvar med smittevernet. UE må dokumentere at dei følgjer karanteneregelverket, tilfredstillande buforhold dersom det er innkvarterte arbeidfolk, oppfølging av symtom på smitte, fungerande verneombod osv.
Harald Hansen, leiar i Byggmesterforbundet Oslo og Akershus
Kva er dine råd til kollegane i byggjebransjen?
– Det har ikkje vore utbrot av smitte på nokon byggjeplass eg kjenner til, heldigvis. Det er mange flinke bedrifter, men på grunn av dette mutterte viruset er det ekstremt viktig med gode rutinar, seier Harald.
Nokon konkrete råd?
– Unngå kundekontakt, ikkje hent varer i butikk – få dei levert med bodbil. Dagleg vask av spisebrakke og toalett, hald 2 meters-grensa og skaff nok handsprit, masker og hanskar. Informer arbeidstakarane på eit språk dei forstår. Elles er det mykje god informasjon på nettet, både hos Arbeidstilsynet, Byggmesterforbundet og NHO.