Fair Play Bygg Oslo og omegn har fått fleire spørsmål om regelverket for obligatorisk tenestepensjon (OTP). Reglane for obligatorisk tenestepensjon kan du finne i «Lov om obligatorisk tjenestepensjon». Enkelte bedrifter har ei betre pensjonsordning enn minstekravet etter obligatorisk tenestepensjon og den årlege innbetalinga kan vera variere mellom bedriftene. Alle bedrifter skal behandle dei tilsette likt – diskriminering eller forskjellsbehandling er forbode! Dette er lovas minstekrav:

  • Alle bedrifter med minst ein tilsett i meir en 75% stilling skal ha tenestepensjonsordning
  • Arbeidsgivar skal melde tilsette inn i bedriftas tenestepensjonsordning frå fyrste dag
  • Alle tilsette med meir enn 20% stilling over 20 år skal vera med skal ha tenestepensjon
  • Arbeidsgivar skal betale inn minst 2% av all løn mellom 1 G og 12 G til kvar arbeidstakar
  • Dersom arbeidsgivar ikkje betalar inn tenestepensjon, kan dei tilsette krevje dette etterbetalt
  • Arbeidstakarar har rett på informasjon om tenestepensjonen

Når du sluttar hos ein arbeidsgjevar har du krav på å få med deg innbetalt tenestepensjon i form av eit pensjonskapitalbevis. Dette er pengar du ikkje kan bruke før du har fylt 62 år. Om du arbeider hos arbeidsgjevar i kortare tid enn 12 månader har du likevel ikkje rett til pensjonskapitalen.

Det er derfor viktig å stå i stilling meir enn 12 månader for ikkje å gå glipp av pensjonskapitalen. Sjekk om arbeidsgjevaren har meldt deg inn i ordninga ved å logge inn på Norsk Pensjon (norskpensjon.no) eller den banken eller forsikringsselskapet der pensjonen er plassert.

Det er viktig å sjekke om arbeidsgivar har meldt deg inn frå fyrste dag og at du er medlem heilt til oppseiingsperioden er avslutta. Dersom du blir ufør skal du ikkje meldast ut av ordninga.

Mange arbeidstakarar i bemanningsbransjen har små stillingsprosentar i arbeidskontrakten. Men det er den reelle stillingsprosenten du arbeider som skal avgjera om du har krav på tenestepensjon – ikkje kva som står i kontrakten. Dersom du arbeider meir enn 20 % skal arbeidsgjevaren betale tenestepensjon for deg.

Eksempel:

Dersom du har årsløn i 100% stilling på 500 000 skal arbeidsgjevar minst betale inn:
500 000 – 99 858 (1 G) * 2% = 8 003 kr per år.

Dersom du arbeider 50% i same stilling skal arbeidsgivar minst betale inn 50% av 8 003 = 4 001 kr per år.

Har du spørsmål om pensjonen kan du ta kontakt med arbeidsgjevaren eller din fagforeining.

Sjekk din pensjon på norskpensjon.no/